I dag har vore ein trøtt dag. Grunnen til det? - Helga vart brukt til nettverkssamling på skei i staden for soving, det som helgene
eigentleg skal brukast på. Men for all del, det var ei av dei kjekkaste helgene på lenge. Eg reiste til Førde med bussen klokka ni om morgonen på Laurdag. I Flokeneset kom Anne Marie på bussen, og ein knapp time seinare var vi i Førde. Vi gjekk på spar og kjøpte bollar, og sette oss på benken utanfor frisørsalongen på gamle handelshuset. Der sat vi og taut samanhengande i ein time, utanom då ho eine som jobba på frisørsalongen kom bort til oss og spurte om vi eigentleg skulle klippe oss, sidan vi sat der.
Når klokka nærma seg 12, gjekk vi til bussen som skulle til Skei. Der traff vi
Ida og Natalia. Bussturen gjekk óg stort sett med til skravling. Når vi endeleg kom fram til hotellet på Skei, sjekka vi inn og gjekk og åt lunsj. Deretter følgde "bli kjend"- leikar og eit kjekt føredrag som vara resten av ettermiddagen, fram til middag klokka halv åtte om kvelden. Vi fekk fancy treretters middag med blant anna laks, lammekjøtt, fløytegratinerte poteter og dødsgod dessert. Etter middagen var det eit kort og usaklig føredrag om utdanning i utlandet, der han som snakka brukte over halvparten av tida på å sei at han ikkje skulle gå så nøye innpå det.
Om kvelden var vi først på Esso og kjøpte snop og ein film. Filmen fekk vi ikkje sett, for plutselig kom Anne Marie sine stalkers og banka på døra. Resten av kvelden/natta gjekk med til endå meir snakking, i tillegg til å sjå på lørdagsfilmen på tv2, "meet the parents".
Søndag måtte vi stå opp tidleg, for vi skulle rekke frokost klokka ni, etterfulgt av utsjekking og eit 2 1/2-time langt foredrag om media. Deretter var det lunsj, og så reiste vi tilbake til Førde.
Eg, Anne Marie og Tore måtte vente i ca. to timar i Førde før bussen skulle gå tilbake til Askvoll. Difor fann vi ut, saman med Ingrid og Steffen frå Gular, at vi skulle gå og bowle. Difor drog vi med oss bagane bort til bowlinghallen, der vi fann ut at den ikkje opnar før klokka fire, ti minuttar før bussen til Askvoll skulle gå. Då gjekk vi tilbake til sentrum, der vi sette oss utanfor Førde torg og spelte kort. Der fann vi óg ei morsom handlevogn. Når Ingrid og Steffen reiste tilbake til Gaular gjekk eg, Anne Marie og Tore bort på Firda Billag, der vi spelte kort og venta på bussen.